PÅMELDING
KONTAKT
Martin Myhr
E-post: martinmyhr@aolnorge.no
Adresse: Hugnadheim, 3579 Torpo
Mobil: +47 911 94 081
Påmelding gjeld først når kursavgifta er betalt.
NB! Merk betalinga med kurs og deltakar. Hugs også å melde frå om eventuelle allergiar.
Kurs, konsertar, dansefest, overnatting på skula, 6 måltid
Deltakarar på kurset lur/bukkehorn/seljefløyte blir sponsa av Norsk lur og bukkehornlag, og betalar berre kr. 700,-.
For alle andre er prisen:
kr. 1000,-
Kontonr. 2320 15 60357
HALLINGDAL JUNIORSPELEMANNSLAG
Hallingdal Juniorspelemannslag vart stifta i 2006 for å hjelpe kulturskuleelevar og andre unge hardingfelespelarar over kneika, slik at dei ikkje slutta med fela. Vi såg at eit supplement til Kulturskula var heilt nødvendig. Etter kvart har vi også innlemma langeleik i laget, og dei siste åra har vi også hatt opplegg for torader og kveding. Medlemmene i laget kjem frå fleire kommunar i Hallingdal.
Laget har for tida opplegg for hardingfele, langeleik og kveding, men det største arrangementet vårt er Storhelg i Hallingdal. Storhelg samlar ungdom frå heile Norge og deler av Sverige.
