PROGRAM FREDAG 20. OKTOBER 2023

TidspunktProgramStad
Kl. 18.00InnkvarteringTorpo skule
kl. 19.30Forestilling i storesalenÅl kulturhus
kl. 21.00Kveldsmat, innlosjering og sosialt samvær Hugnadheim og Torpo Skule

PROGRAM LAURDAG 21. OKTOBER 2023

TidspunktProgramStad
Kl. 08.30-09.30FrukostHugnadheim
kl. 10.00-12.30KursTorpo
kl. 12.30-13.30DugurdHugnadheim, Torpo
Kl. 13.30-17.00KursTorpo
Kl. 17.00-18.00Fri(Joker’n er open til kl. 18.00)
Kl. 18.00-18.45MiddagHugnadheim, Torpo
Kl. 19.30Konsert Hugnadheim, Torpo
Kl. 21.00-24.00DansefestHugnadheim

PROGRAM SUNDAG 22. OKTOBER 2023

TidspunktProgramStad
Kl. 09.00-10.00FrukostHugnadheim
kl. 10.15-12.00KursTorpo
kl. 12.00-13.00Dugurd og Transport til ÅlHugnadheim
Kl. 13.00-15.00Førebuing til Meister & ElevÅl kulturhus
Kl. 15.00Forestilling Meister&ElevÅl kulturhus

Dansefest på Hugnadheim
Årets beste -med fullt golv og stor stemning

Dansespel STRHLG 2023

Sjølvaste Toradertrioen frå Hallingdal.

Utruleg moro at legendane enno ein gong vil vera med oss!!

Inngang gjester kr. 100,-

  • Kurs i hardingfele, fele, langeleik, torader, munnharpe, song, lur/seljefløyte, halling og pardans.
  • Konsertar, kurs, dansefest, 6 måltid og overnatting på flatseng: kr. 1000,-
  • Du melder deg på ved å betala inn til konto: 2320 15 60357. Hugs å merke påmelding med namn og kurs.
  • Konsertar, forestillingar og dansefest er opne arrangement, også for dei som ikkje er på kurs.
  • Aldersgrense: 13 år. 

EKSTRA INFO

Dans

Hallingkurset og pardanskurset startar etter dugurd.

Fram til då har deltakarane på desse kursa to val:

  • Hallingspringarøkt for alle dansarar.
  • Workshop for øvde dansarar over 16 år. Her vil det bli fokus på danseteknikk og deltakarane kan stille alle moglege spørsmål kring sin eigen dans.

Deltakarane på instrument/song har også høve til å vere med på eit av desse kursa i samråd med lærar.

TRANSPORT

Tog

Kjem du med tog, er det best å ta toget til Ål, så organiserer vi skyss frå Ål og ned til Torpo etter forestillinga. Vi kan også hente på Ål stasjon når de kjem, men det er då viktig og gje beskjed om dette i god tid.

Buss

Kjem du med buss til Gol, skal det vera korrespondanse til Ål. Ta då bussen til Ål, og så ordner vi skyss ned til Torpo etter forestillinga.

Dei som køyrer deltakarar bør få med seg den flotte forestillinga fredag kveld på Ål Kulturhus. Oppmoder også dei som køyrer til å ta ei fin hausthelg i Hallingdal og at dei får med seg konsert og dansefest laurdag kveld